Eg er ei 24 år gamal jente frå Stavanger som no har budd i Bergen i 5 år i samanheng med utdanning. I vår leverte eg masteroppgåva i biologi, så det er vel overflødig å seie at dyr og natur er noko som står meg svært nært. Eg er ho som helst vil helse på alle dyr eg treff på, vere det hund, geit, katt eller rognkjeks. Eg er svært aktiv og fritida brukar eg for det meste ute, på korte og lange turar med og utan overnatting, klatring, seiling og padling.
Eg er oppvaksen med både hund og katt, og saknet etter slikt selskap er stort no som bu- og livssituasjonen ikkje tillet at eg kan ha eigne dyr. Det er vel gjerne ikkje slikt ein skal seie høgt, men det er nok vår vesle cairn terrier (bilete) eg saknar mest når det går for lenge mellom familiebesøka.
Når ting stabiliserer seg kjem eg utan tvil til å gå til anskaffelse av ein eller fleire pelsdottar sjølv. I mellomtida vil veldig gjerne bidra til at du skal kunne reise på ferie med sikkerheit om at din pelskledde ven har det godt. Eg kan tilby dyrepass i din eigen heim, i tillegg til å vere turkamerat for din firbeinte om tida ikkje altid skulle strekke til. Eg bur i sentrum, og har ikkje bil, så er anten avhengig av god kollektiv forbindelse eller gåavstand.
Ta gjerne kontakt om du skulle lure på noko!
Full refusjon hvis det kanselleres før 12:00 én dag før bookingen, 50% refusjon etter.
Ingen refusjon kan utbetales hvis bookingen kanselleres i det bookingen starter eller etter startdato.
Merk: Alle tider er basert på dyrepasserens tidssone
Svart belte i kos