Hei hei! 😊
Eg heiter Anette og er 22 år gammal. Eg studerer no siste året til ein bachelor i biologi ved NTNU, og er veldig glad i dyr og natur. Eg er ei omgjengelig jente som er glad i trening, dyr og friluftsliv.
Sjølv har eg vokst opp på ein stor gard med masse kyr, hest, hund, katt og kanin. Eg har difor mykje erfaring med å omgås ulike dyr. I tillegg har eg jobba både som avløysar, samt dei siste tre åra for havforskningsinstituttet. Det vil seie at eg har delteke på kurs relatert til dyrevelferd i tillegg til at eg har praktisk erfaring både med husdyr, forsøksdyr og kjæledyr.
Eg har litt erfaring med agility, som eg gjerne skulle dreve meir med om eg hadde eigen hund her. Eg er glad i å jogga og gå turar i fin natur, spesielt om eg kan gjer det saman med ein blid hund!
Eg har hatt hund heile livet, og nå som eg har flytta frå hundane mine heime vil eg gjerne få moglegheita til å trene, lufte og kose med dine hundar! Hundane mine, som er heime i heimbygda, er ein miks av border collie og australsk kelpie, og er nokre skikkelege energibomber. Det må lange turar (eller intense ballkastingsøkter) til for å slita ut desse karane!
Som dyrepassar kan eg stilla opp både for fôring, stell, gå- og joggeturar, ballkasting, triks og agility trening (til ei viss grad), og ikkje minst for kos!
Ta gjerne kontakt dersom du lurar på noko om meg. Takk for at du vurderer meg!
Full refusjon hvis det kanselleres før 12:00 én dag før bookingen, 50% refusjon etter.
Ingen refusjon kan utbetales hvis bookingen kanselleres i det bookingen starter eller etter startdato.
Merk: Alle tider er basert på dyrepasserens tidssone
Avløysarkurs
Fiskevelferdskurs
Aktivitetsvennkurs