Hei!
Saknet etter å ha dyr i leiligheita er stort, og difor vil eg gjerne passe dyret ditt då eg ikkje har moglegheit til å få meg kjæledyr sjølv endå! Eg går også mykje på tur, og vil gjerne ha ein turkamerat. Går mykje i nordnesparken, nygårdsparken og til fløyen.
Leiligheita mi er på omtrent 30 kvadratm. så ikkje kjempestor, men stor nok til meg og ein liten dyreven!: Har eit stort vindu som dyret godt kan sitta i, og sjå ut på duene som sit på taket.
Har mest erfaring med hund og katt, som eg har vakse opp med. Har også litt erfaring med undulater etter å ha passa to stk. tidlegare.
Mamma har ein bichon havanais, som har hår og ikkje pels. Har difor ein del erfaring med vask, klypp og generell pelsstell. Har diverre ikkje noko utstyr sjølv, men tar gjerne å steller hunden litt om eg får med meg nødvendig utstyr.
Dyrehjarta mitt er stort, så eg kan garantera at kjæledyret ditt får mykje kos og omsorg. Sjølv om eg bur midt i sentrum så er lydnivået ganske bra her, då eg må gjennom ein bakgård for å koma til bygget eg bur i. Det er difor lite støy, som passer bra om kjæledyret ditt er lydsensitiv.
Håper å høyre ifrå dykk
Mvh Hilde
Det føles trygt og godt å overlevere hunden hennes til Hilde, veldig engasjert og omsorgsfull!